Velkommen til valportalen! Portalen vert brukt for å rekruttera og koordinere valmedarbeidarar.
OM ARBEIDET
- Du må være fylt 18 år
- Du må beherska norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Du kan ikkje vere listekandidat ved stortingsvalet 2025
- Du må vere serviceinnstilt, nøyaktig og ha god kunnskap om bruk av elektronisk verktøy (PC og smarttelefon)
- Du må ha god helse og arbeidskapasitet, og kunne vere aktiv store deler av dagen
- Du må kunne rettleie veljarar og vere fleksibel ved jobbrotasjon
- Du må logga deg på det valadministrative systemet med minID
- Du må kunne delta på obligatorisk 3 timars opplæring i august
- Du treng ikkje vere busett i Øygarden kommune
FØREHANDSSTEMMING 11. AUGUST TIL OG MED 5. SEPTEMBER
Kommunen skal i år bruka eigne tilsette til mottak av førehandsstemmer i vekedagane. Vi treng innleigde på laurdagar i alle dei tre vallokala; Sartor storsenter, Rong senter og Sund senter.
For opningstid i førehandsstemmelokala vert det vist til nettsida til kommunen.
Timesats etter kl. 17.00 og laurdagar kr. 300 pr time.
VALDAGEN 8. SEPTEMBER
Opningstida på valdagen er kl. 09.00 – 21.00 for alle vallokala.
På valdagen jobbar mange frå kl. 08.00 og til om lag 23.00, medan andre jobbar delar av dagen. Det kan difor henda du ikkje får jobba heile valdagen, sjølv om du ønskjer det.
Etter stengetid er det manuell oppteljing av stemmesetlar og nedrigging av lokalet.
Enkelte vil få førespurnad om å rigga lokalet i løpet av helga.
SATSANE PÅ VALDAGEN
Valmedarbeidarar - lønn pr time - same sats for heile dagen - kr. 250
Funksjonstillegg - leiar i vallokalet - kr. 1.500
Funksjonstillegg - nestleiar i vallokalet - kr. 1.000
Lønn - Deltaking obligatorisk opplæring - fast sats pr oppmøte - kr. 600
Lønn - Deltaking oppsett av vallokalet - fast sats pr oppmøte - kr. 600
Satsane er vedteke av valstyret.
OPPLÆRING
Obligatorisk opplæring vert gjennomført i august.
SØKNADSFRIST
Søknadsfrist er snarast og innan 28. april.
Velkommen som søkjar.
For å søkja som valmedarbeidar må du ha fylt 18 år. Pass på at kontaktinformasjonen er korrekt (spesielt mobil og e-post), slik at vi kan kommunisera med deg undervegs i rekrutteringsprosessen.